Henrik Ibsen

Frå Ikkjepedia
Gå til: navigering, søk

Henrik Ibsen var ein gong ein berømt, norsk barnebokforfattar, fødd ved eit ulykkestilfelle i Skien 20. mars 1828 og daud på mjuke dundyner i Kristiania 23. mai 1906.

Han var son av ein alkoholisert tømmerspekulant, som nedstamma i direkte line frå tømmermeistaren Josef. Då Henrik var 8 år gamal mista faren heile rikdomen sin på stikka. Etter konfirmasjonen måtte difor sonen ut for å trille piller og sanke urter for eit apotek i Grimstad. I seks lange år arbeidde han som medhjelpar i Sørlandsbyen. Med en lappa kondom gjorde han tenestejenta til apotekaren gravid, og etterpå skreiv han ein rad nidvers om byens borgarar. På denne tida var han så fattig at han ikkje hadde råd til å kjøpe verken gummi eller sko, og han gjekk difor rundt i sokkelesten. I lengda hadde det nok vore meir lønsamt å kjøpe gummistøvlar, så kunne han i tillegg ha fått ein rolle i oppsettinga av Johan Herman Wessels Kjærlighed uden Buxer. Det var dessutan ikkje så greitt at han på grunn av sjenanse aldrig turte å ta av seg konfirmasjonsdressen. Den vart temmelig blankslitt etter kvart, så ein ikkje riktig var sikker på om keisaren hadde klede på eller om det bare var sveitt hud som skina i sola når han ein sjeldan gong viste seg utandørs. Innhaldsliste [vis]

Litterært arbeid i ungdomsåra[endre]

Ibsen hadde skrivesperre om dagen, og skreiv difor helst på natta. Då satt han gjerne våken oppe på rommet sitt og las til examen artium, på same tid som han pilla seg i nesa og forfatta på sin fyste bok, som omhandla gutedraumen han hadde om å bli pilot. Catilina, en Lærebog i flyvning med Vinger og Fjær var ferdig skreve i 1849, og vart ein stor suksess då den vart publisert året etter på trekkpapir dynka i LSD. Det første eksempel på såkalla blotter art (har slett ikkje noko med kunsten å blotte seg å gjere). Mange falt rett nok ned frå stup og hustak og brakk nakken etter forsøk på å gjere etter kva han skildra i boka. Ibsen vart frå no av kjend som ein fiende av folket.

I 1850 reiste han inn til hovudstaden, som den gongen hadde modernisert namnet sitt frå Oslo til Kristiania, noko som seinare vart retardert, men då var Ibsen for lengst daud og lukkeleg uvitande om at verda var sett i revers og gjekk baklengs.

I Kristiania las Ibsen vidare til examen artium på Heltbergs Studenterfabrik, som seinare vart gjort om til Charlies sjokoladefabrikk. Som elev ved Heltbergs skule møtte han fleire uduglege dagdrivarar, som seinare skulle verte nokon store slubbertar innan norsk litteratur (Aasmund Olavsson Vinje, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie). Han kom rakt med i det litterære selskapet i Kristiania, men då han lika å lese høgt frå sine eigne bøker var det få som gadd kjøpe dei. Dermed vart store deler av opplaga bretta om til papirfly, noko som førde til regelrett forsøpling av naturen. Forfattaren sjølv var då nær ved å få straffearbeid på Akershus festning. I 1851 vart han medredaktør og teiknar i eit satirisk-politisk tidsskrift, men borgarskapet forsto verken humor, satire eller politikk, så dette gjekk svært ille.

Hausten 1851 fekk Ibsen eit tilbod frå fiolinisten Ole Bull om å følgje med han til Kristiansand. Ole Bull ynskte berre å dra korte distansar, fordi han så lett vart sjøsjuk. Så sende han Ibsen vidare til Bergen åleine i håp om at dei nærsynte styremedlemmene ved Det norske Theater i Bergen ikkje skulle sjå forskjell. Diverre var Ibsen ganske umusikalsk og vart straks avslørt som ein særskilt dårleg fiolinist. Dei tillet han då å gå og drive rundt i kulissene og styre med sitt, så han ikkje skulle forstyrre dei andre. Ibsen lærte no atskillig om livet bak kulissene og kunne ha skreve mange skandaleromanar om kva som eigenlig gjekk føre seg i mørkret. Kriminalromanar var nok ikkje ein genre som låg så godt for Ibsen, så det måtte bli dramatikk og barneteater, båret fram av ein unik replikkunst: To skodespelarar som ikkje er einige slår kvarandre i hovudet med noko hardt. Kvart år på teaterets stiftingsdag 2. januar vart det oppført eit nytt teaterstykke av Henrik Ibsen.

Kvar skal ekteskapet stå?[endre]

Etter mislukka kurtisering av ungjenta Rikke Holst vart han i 1856 trulova med prostedotera Suzannah Daae Thoresen. Ibsen handla alltid tvert imot, og då ho ikkje viste teikn til å vere gravid stakk Ibsen sommaren etter av til Austlandet, men han angra seg og returnerte for å gifte seg med henne i juni 1858.

I det året han heldt seg på andre sida av fjellet fekk han jobb som artistisk direktør for Kristiania norske Theater i Møllergaten 1. Årene frå 1857 til 1862 leia han teatret og levde eit utsvevande liv i sus og dus. I 1860 vart økonomien til teateret særs dårleg, og i 1862 gjekk det også konkurs. Han møtte dessutan motstand frå skodespelarane, som helst ville spele vaudevillar og danse, fordi dei hadde så vanskeleg for å hugse replikkar. Nederlaga ved teateret skapte misstemning mot det norske samfunnet: For at våre kvinner ikkje fødde publikumarar nok, og mennene hata han fordi dei var trongsynte og dertil ganske impotente. Vidare var kronekursen var for lav, gasslyktene for få, osb.

Årene i frivillig eksil[endre]

Hausten 1863 mottek Ibsen eit reisestipend frå regjeringa, men brukte lang tid på å pakke. På narrens dag, 1. april 1864, forlèt landet med ringande klokkar, etter fyst å ha returnert kone og barn, (dvs. sonen Sigurd Ibsen), attende til sværmora Magdalene Thoresen i København. Han levde no herrens glade dagar som grasenkjemann i Christiania, og det var fyst etter at professor Ludvig Kristensen Daae ved byens universitet lova han stokkepryl for å ha forfatta sitt einaste drama på landsmål Kjærleikens Ferjereiser - ein lattervekkjande Oppleving i 1862,[1] at Henrik Ibsen fann det best å forlate slaraffenlivet og gje seg i veg til Sør-Europa. Han hadde no brukt opp pengane og rømde båe frå økonomiske krav og frå kona, som opplagt skylte han eit par lusingar.[2]

Mesteparten av tida han oppheld seg i utlandet budde Ibsen i Italia og Tyskland. Herfrå var det også at han forfatta dei fleste av dei skodespela som etter kvart gjorde han til ein verdskjend barnebokforfattar. Etter Brand - Barneleg med Fyrstikke (1866) og Peder Gynt - Kunsten at lyve Lodret for Moder og for Fader (1867), vart han omtalt som Skandinavias dyktigaste forfattar. Likevel var bøkene stadig omstridt. I sær var dei usamde om aldersgrensa for å få kjøpt desse. Sjølv små barn let være å kjøpe sukkertøy berre for å kunne ha råd til å skaffe seg ein av bøkene til Henrik Ibsen.

Om Peder Gynt fortel Ibsen at han som modell til Moer Aase "med naudsynte overdrivingar” skal ha nytta si eiga mor. Marichen Ibsen hadde ikkje postillen i skapet, men var ein ivrig bibellesar som ustoppeleg satt ho med kristne bøker i fanget, og i tillegg føregreip han hennes daud med to år, ettersom mora i røynda ikkje døyde før i 1869.

Rim, gåter og ordteke[endre]

I 1871 gav han ut sin einaste diktsamling Riim, Gaader og Ordtak. Elles skreiv Ibsen som sagt kun dramatikk for barn. Forfattarskapen hans kan vi splitte i to: Historiske drama og samfunnsdrama. I 1873 kom det det siste historiske dramaet frå Ibsens hand, Keisar og Galilear. På denne tida tok Ibsen til å vere oppteken av filosofi og nye idear i samfunnet, særlig verksemda til Georg Brandes (sjå Realismen). Dette vart viktig for resten av skodespelene han skreiv. Det fyste samtidsdramaet han skreiv var Samfunnets støtter i 1877. Samtidsdramaene går føre seg i notida (altså då dei vart skreve), og det er blant desse vi finn skodespela som gjer Ibsen til eit verdsnamn innan barnelitteraturen. I rekkefølgje kom no skodespel som I den sorte gryde, Gengangere, En folkefiende, Vildgassen og Hedda Gabler. Vi kan seie at eit felles tema for teaterstykka i denne perioden vart den einskilde sin rett til å finne seg sjølv, uavhengig av forventningar og fordommar.

Viktig er også den spesielle, litterære teknikken som Ibsen utvikla gjennom desse skodespela – den retrospektive teknikken. Denne går ut på at vi treng inn i ein tilsynelatande idyllisk familiesituasjon, men så ruller konfliktane opp att gjennom samtalane med eller om personar ein har kjend i fortida. Denne teknikken er jo seinare blitt svært vanlig båe i litteratur og i film, men Ibsen vert rekna som den som innførde nostalgisk verbbøying i preteritum.

I 1891 kom Ibsen attende til Oslo, og vart snart eit fast innslag i bybiletet gjennom sine daglege spaserturar til og attende frå Grand Kafé. Så lite anna var det å glo på i byen at alle såg på Ibsen. Ja, dei kom frå andre stader i Noreg og frå utlandet berre for å glane på han.

Ibsen hald fram med skrivinga inntil i 1899, då Når vi døde vaagner vart oppført og diktaren sjølv gjekk inn i ein døs som aldrig meir slapp taket. Litt etter vart han alvorleg sjuk, og døyde i 1906. Over 90 år seinare reknast han med sine 163 centimeter stendig som ein av verdas aller største dramatikarar, noko som tydar på at Sofokles og William Shakespeare har vore dvergar.

Bibliografi[endre]

  • Catilina, en Lærebog i flyvning med Vinger og Fjær (1850)
  • Sancthansnatten med Instuction i at tænde Baal (1853)
  • Kongen over Gaden (1854)
  • Fest og Fyld med Sol i Sindet (1856)
  • Olaf Liljekrands skyder Fjeldfuglen (1857)
  • Spillemænd fra Helgoland (1858)
  • Kjærleikens Ferjereiser - ein lattervekkjande Oppleving (1862)
  • Kongs-Hævnerne (1863)
  • Brand - Børneleg med Fyrstikke (1866)
  • Pefer Gynt - Kunsten at lyve Lodret for Moder og for Fader (1867)
  • De Unges Forskud (1869)
  • Riim, gaader og ordtak (1871)
  • I den sorte gryde (1873)
  • Gengangere og spøgeri (1881)
  • En folkefiende. Selvbiografi (1882)
  • Vildgassen (1884)
  • Hvalrossen Holms (1886)
  • Havfruen. Enaktsdrama (1888)
  • Hedda Gabler. Parktanten med vandpistolen (1890)
  • Byggeklodser og glandsbilleder (1892)
  • Bittelille Eyolf (1894)
  • Bankchef paa gummisaaler (1896)
  • Når de sovende bråker. En snork (1899)

Litteratur[endre]

  • Erik H. Bensin: Henrik Ibsen om seg selv. [Biografi]. Genesis Forlag. Oslo 2001.
  • Knut Nærum; Norsk litteraturhistorie - fritt etter hukommelsen. Cappelen forlag. Oslo 2000.

Henvisninger[endre]

Mal:Reflist

Kategori: Kjente personer
  1. Professoren brukte lang tid på å stave seg gjennom boka, og Christiania Theater nekta å oppføre den, så alt tok sin tid.
  2. Bortsett frå eit par stutte visittar, kor han i realiteten snudde før han nådde land, kom han ikkje attende til Noreg før det var gått heile 27 år.